Kort fortalt

Må vurdere bereevna til 11.650 bruer

11.650 bruer må sjekkast.

27.10.2015
(NPK-NTB): Før tyngre tømmervogntog på opptil 60 tonn kan sleppe til på norske fylkesvegar, må Vegvesenet vurdere 11.650 bruer for å sjå om dei toler belastninga.
Statens vegvesen har allereie vurdert 5.000 bruer, slik at ni av ti riksvegar kunne opnast for dei tyngste vogntoga. Dei næraste to åra skal altså over dobbelt så mange vurderast, skriv . Skogeigarane meiner det er ein skandale at dette ikkje er gjort for lenge sidan.
– Vi er nøgde med at dei er i gang, men vi ligg 25 år etter Sverige. Vi meiner regjeringa bør etablere ei brupakke på ein 250 millionar kroner til å utbetre bruer, seier administrerande direktør Erik Lahnstein i Skogeierforbundet.
– Det er stort sett bereevna til bruene som avgjer om vegar kan oppskrivast til 60 tonn. Standarden på bruene er derfor avgjerande for å få større vogntog på vegane, seier Lahnstein.
I 2013 løyvde regjeringa 100 millionar kroner for å finne ut kor mange bruer som toler vogntog på 60 tonn.
– Arbeidet består av at vi gjennomgår registrera våre, kvalitetssikrar dei og analyserer om bruene toler 60 tonn, seier brudirektør Børre Stensvold i Vegvesenet.
Med større bilar kan talet på vogntog med tømmer kuttast, noko næringa meiner kan spare dei for rundt 50 millionar kroner i året. (©NPK)

Publisert: 27.10.2015 10:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50