(NPK - Bent Tandstad). 27 år etter gjennombrotet maktar Hildegunn og Leif Per Moltubakk framleis å trekkje fulle hus. Turneen dei starta i fjor kjem til å halde på ut neste år. Og no har dei fått målpris også.
Før førestillinga på Løvenvold Theater i Ålesund fredag 21. februar vert målprisen til Sunnmøre mållag overrekt til dei to som gestaltar Hildegunn og Leif Per, Fredrik Steen og Ørjan Liavåg.
Det var her dei to starta turneen sin med showet «Hildegunn og Leif Per utan Kringkastingsorkesteret» i fjor haust, ein turne som det siste året har teke dei over det meste av Sør-Noreg.
NPK møtte dei to prisvinnarane dagen før prisutdelinga, og dei uttrykkjer stor takksemd for at dei no blir heidra for språket sitt.
– Eg trur det å vere bevisst sitt eige språk er viktigare enn nokon gong, når ein ser på korleis verda utviklar seg. Det er noko med at språket veks ut frå berget der du er fødd. Om vi berre skal forflatast og tilpasse oss det internasjonale, så trur eg vi mistar noko svært viktig, seier Fredrik Steen.
– Det handlar om identiteten vår og kven sine skuldrer vi står på, skyt Ørjan Liavåg inn.
Begge to er glade i nynorsk og brukar han dagleg både i tale og i skrift. Fredrik er oppvaksen i Ulsteinvik, medan Ørjan er frå Hjørungavåg i nabokommunen Hareid. Dei fann kvarandre på den vidaregåande skulen i Ulsteinvik, og sidan har dei vore vener og samarbeidspartnarar.
Publisert: 21.02.2025 16:01
Sist oppdatert: 21.02.2025 16:01