ID: 11844842
(NPK): Etter gammal folketru kan menneske bli både galne og ville under fullmånen. No viser ny forsking at fleire artar av dyreplankton òg lar seg påverke når måneskiva blir stor og rund.
Tre– fire dagar før fullmåne trekkjer Themisto libellula og andre zooplanktonartar i Arktis ned i djupet for å gøyme seg for nattaktive rovdyr, viser ein ny norsk-skotsk studie, som no er publisert i det prestisjetunge tidsskriftet .
– Zooplanktonet blir verande i djupet til tre– fire dagar etter fullmåne. Dei endrar også døgnrytmen og går over i månesyklus, som har 25 timar i døgnet i staden for 24, fortel biologiprofessor Jørgen Berge ved , som har vore prosjektleiar for studien.
På Svalbard har forskarane tidlegare funne ut at dyreplanktona flyttar seg til djupet om dagen og kjem opp for å ete om natta. No viser data frå eit større område i Arktis at dei små ved fullmåne trekkjer opptil 50 meter lenger ned i djupet enn elles i mørketida.
– Dei held fram med døgnmigrasjonen, men fullmånen gjer at heile samfunnet blir dytta lenger ned, seier Berge.
Årsaka er behovet for å gøyme seg for rovdyra, som får ekstra gode jaktforhold når fullmånen lyser opp dei øvste laga i havet, meiner forskarane. (©NPK)

Publisert: 08.01.2016 11:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49