(NPK-NTB): Etter at den første båtsesongen med redningsvestpåbod er avslutta, vil næringsminister Monica Mæland (H) ha ei evaluering av regelverket.
– Det er naturleg at vi etter sesongen gjer ei evaluering av påbodet og av unntaka i forskrifta. Vil vil gå i gang med dette ved årsskiftet, seier Mæland til . Mange har reagert på påbodet, som gjeld alle båtar under åtte meter, men ikkje tek omsyn til fart.
– No er det slik at vi alle meiner det er fornuftig å bruke vest om bord i båt. Spørsmålet har vore om det skal vere påbod og i kva form og på kva for eit tidspunkt det skal vere påbode, seier Høgre-statsråden.
I sju av ni drukningsulykker frå fritidsbåtar under åtte meter i juni og juli vart det ikkje brukt vest. Dei to siste er ikkje gjort greie for.
Kommunikasjonssjef Frode Pedersen i Redningsselskapet synest påbodet treffer ganske godt, men er einig i at det er viktig med ein gjennomgang.
– Vi veit at kritikarane blant anna har peikt på at påbodet også bør gjelde for båtar over åtte meter, og det bør regjeringa lytte til, seier Pedersen og understrekar at det svake punktet i regelverket er at det ikkje gjeld for alle båtar. (©NPK)

Publisert: 26.10.2015 11:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50