Svein Aam Møre Nytt foto Ogne
Svein Aam starta som sjef for lokalavisa i Ørsta sommaren 2017. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Møre-Nytt søkjer etter ny redaktør

Noverande sjef har fått «spennande bokoppdrag».

Marius Rosbach
15.08.2023

Lokalavisa Møre-Nytt søkjer etter ny ansvarleg redaktør/dagleg leier til å etterfølge Svein Aam.

– Å vere redaktør i Møre-Nytt er krevjande, men også givande. Men eg er snart 63 år og ønskjer å trappe ned til meir normal arbeidstid, uttaler Aam til si eiga avis.

Tidspunktet for når Aam sluttar er ikkje bestemt.

– Den utløysande årsak til at dette skjer no er at eg har fått eit spennande bokoppdrag. Eg vil også halde fram med å vere sjølvstendig journalist, først og fremst innanfor det stoffområde eg alltid har likt best, nemleg fiskeri/havbruk og det maritime næringslivet, legg han til.

Aam starta som sjef for lokalavisa i Ørsta sommaren 2017. I åra frå 2018 til 2022 har både inntekt og lønnsemd betra seg for avisa som er eigd av Polaris Media.

Publisert: 15.08.2023 11:15

Sist oppdatert: 15.08.2023 11:15

Mer om