Tilbyr årsløn for å slutte
Sunnmørsposten-tilsette over 62 år har fått tilbod om gåvepensjon.
Fristen for å søkje om gåvepensjon er ved utgangen av januar i år.
Tilbodet er på til saman ei årsløn for dei som førtidspensjonerer seg frå 62 år.
Ansvarleg redaktør Hanna Relling Berg i Sunnmørsposten trur få av hennar tilsette vil ta i mot tilbodet.
- Sunnmørsposten har bak seg eit veldig godt år, og isolert (for Sunnmørsposten, red. merk) er det ikkje behov for nedbemanning, seier Relling Berg.
Konsern-tiltak
Tilbodet om gåvepensjon er bestemt frå
toppen i Polaris Media-konsernet. Konsernet omfattar mellom anna
Sunnmørsposten i Ålesund og Romsdals Budstikke i Molde. Dei to avisene
eig fleire andre lokalaviser på Nordvestlandet.
Relling Berg reknar med at det først og fremst er i dei større avisene tilbodet vil bli nytta.
Om dei tilsette skal få tilbod om gåvepensjon blir avgjort i kvart einskild Polarisavis-selskap. Ifølgje avisa Journalisten har også tilsette i Adresseavisen og Fædrelandsvennen fått tilbodet.
Om - og i kor stort omfang - søknadar om gåvepensjon blir innvilga blir mellom anna vurdert ut frå bemanningssituasjonen i avisene. Og om det blir gitt gåvepensjon kan også stillingar som blir ledige bli erstatta med nytilsettingar, ifølgje Berg.
Konsernsjef Per Axel Koch i Polaris Media sa tidlegare i år til avisa Journalisten at tilbodet er friviljug, men at konsernet er avhengig av å få ein god effekt ut av tilbodet.
"Annonseinntektene har gått ned, og vi har ikke hatt den samme veksten i brukerinntektene. I forhold til tidligere har vi mye mer digitale inntekter enn vi hadde for fem år siden, så vi har justert oss på plass. Så håper vi å videreutvikle posisjonen digitalt, og å øke digitale inntekter. Vi tror dette skal gå bra, men må gjøre noe", sa Koch til Journalisten.
Relling Berg (fødd i 1958) ønskjer ikkje å svare på om ho sjølv vil søkje om gåvepensjon.
Harald H. Rise (1959), som er sjef for Polaris Media Nordvestlandet, seier tilbodet ikkje omfattar Polaris Media Nordvestlandet. Polaris Media eig avisene på Nordvestlandet gjennom selskapet Polaris Media Nordvestlandet.
Publisert: 20.01.2023 05:00
Sist oppdatert: 19.01.2023 22:53