Kort fortalt

– Møre og Romsdal bør vurdere å bli ferjeeigar

Meiner fylket bør vurdere kjøp av ferjer.

26.01.2016
(NPK): Ap-politikar meiner Møre og Romsdal fylkeskommune bør vurdere å kjøpe ferjer og setje vekk drifta.
Fylkeskommunen har tidlegare selt seg ut av ferjeselskapet Fjord 1. Ved å få ferjedrifta ut på anbod kom prisane til å gå ned, meinte fylkespolitikarane, ifølgje . Prisane gjekk ned i første kontraktperiode, men i neste periode gjekk anbodsprisane i taket, melder avisa.
Fylkespolitikar Per Vidar Kjølmoen (Ap) meiner fylkeskommunen ikkje har råd til eit så høgt kostnadsnivå, og meiner ein bør vurdere kjøp av eigne ferjer og hurtigbåtar.
– Om ein skal eige eller lease ferjer må greiast ut. Fylkeskommunen har jo mykje gjeld, men samtidig kan fylkeskommunen få lån til låg rente. Reknestykket kan bli interessant. Eig vi ferjer sjølv, kan vi lyse ut drifta av ferjene – altså bemanninga av fartøya. Antakeleg kan det vere ein haug med interessentar som vil drifte ferjene, seier Kjølmoen til rbnett.no. Fylkespolitikaren meiner det kan vere lurt å begynne med éi ferje og hauste erfaringar derfrå. (©NPK)

Publisert: 26.01.2016 13:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48