Kort fortalt

Møreaksen blir 1,9 milliardar billegare

Ned frå 16,4 til 14,5 milliardar.

30.11.2016
(NPK): Dei planlagde tunnel- og brusambanda på E39 over Romsdalsfjorden frå Vik i Vestnes til Julbøen ved Molde – Møreaksen – blir nesten to milliardar kroner billegare enn dei første overslaga, kunne Statens vegvesen fortelje på ein pressekonferanse i Molde onsdag.
Vegvesenet trur prisen kan reduserast frå 16,4 milliardar til 14,5 milliardar kroner. Det er strekninga Vik i Vestnes til Julbøen på fastlandet ved Molde som blir vesentleg billegare, skriv lokalavisa .
Med Møreaksen blir europavegen frå Ålesund via Molde til Kristiansund ferjefri. Møre og Romsdal fylkeskommune har ønskt å gi kryssinga av Romsdalsfjorden førsteprioritet ettersom dette prosjektet vil gjere mest for å knyte dei største byane i fylket saman.
Reguleringsplanen skal no vere ferdig, slik at prosjektet kan prioriterast i den nasjonale transportplanen for 2018– 2029, som Stortinget skal behandle i juni neste år.
I tillegg til fjordkryssinga på E39 er det lagt opp til eit mogleg fylkesvegprosjekt frå Midsund til Aukra, som saman med den nye Julsundbrua kan gjere ferjestrekninga Hollingsholmen– Aukra overflødig. (©NPK)

Publisert: 30.11.2016 14:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43