Fem ulike namn vart lanserte, men styringsgruppa for det nye vekstselskapet i Vågsøy har no bestemt at vekstselskapet skal heite Måløy Vekst.
I ei pressemelding vert det vist til at ein først samla inn forslag gjennom ei namnekonkurranse, frå «uoffisielle kanalar», og frå elevar ved Måløy vidaregåande skule. Deretter lanserte styringsgruppa fem namn som dei ville at Fjordenes Tidende sine lesarar skulle stemme over.
Resultatet viste at heile 67 % (216 stemmer) gjekk inn for Måløy Vekst. Nest beste forslag, Kyst Vekst, fekk kun 18 % (59 stemmer).
Styringsgruppa viser til at namnet Måløy Vekst har blitt brukt tidlegare, men styringsgruppa ser likevel ingen problem med å lande på dette namnet.

Publisert: 31.01.2018 12:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40