Kort fortalt

Nav vil bli kjappare

Beklagar lang saksbehandling.

27.12.2017
ID: 14584217NPK-NTB
Saksbehandlingstida i uføresøknadar tar for lang tid, innrømmer Nav. Heller ikkje ankesaker i Trygderetten blir behandla fort nok.
I eit tilfelle NRK kjenner til måtte ein kvinneleg søkjer vente i to og eit halvt år før søknaden om uføretrygd vart ferdigbehandla i Nav og Trygderetten.
– Det er nok slik at så lange saksbehandlingstider på uføreområdet skjer med fleire. Årsaka er ikkje at vi somlar, men at det rett og slett er mange saker som er i behandling, seier Grete Børsheim, direktør for Nav klageinstans.
– Vi gjer no fleire tiltak for å få redusert saksbehandlingstida, legg ho til.
Avslåtte søknader om uføretrygd kan klagast vidare til Trygderetten. Heller ikkje der er saksbehandlinga rask nok. Snittet for behandling av ankesaker i Trygderetten er på dryge åtte månadar. Kravet frå Stortinget er fire månaders behandlingstid i snitt.
– Vi ønsker å få saksbehandlingstida ned. Det vil nødvendigvis ta noko tid, men vi vil gjere vårt ytste, seier leiar i Trygderetten Trine Fernsjø.

Publisert: 27.12.2017 10:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40