Kort fortalt

Nav vil stramme inn

Nav meir lukrativt enn jobb for enkelte.

08.06.2016
(NPK-NTB): For stadig fleire unge som får avklaringspengar, er det meir lukrativt å gå på Nav enn å jobbe, viser ein ny rapport.
Etaten har sett på kven som får arbeidsavklaringspengar (AAP) og kven som kjem tilbake i jobb etter å ha fått slik støtte ei stund, skriv .
Kunnskapsdirektør Yngvar Åsholt i Nav vedgår at AAP-ordninga kan vere for lukrativ, særleg for personar som er mellom 18 og 30 år gamle.
– For unge med samansette problem, som ikkje er under utdanning og står utanfor arbeidslivet, gir det større utteljing å ta imot AAP enn sosialhjelp og tiltakspengar, som har ein svært låg dagsats.
Over 148.000 personar får for tida AAP. Mens det blir færre AAP-mottakarar i aldersgruppene 30– 39 og 40-49, aukar talet på mottakarar under 30. Desse utgjer ein femdel av AAP-mottakarane, og no varslar Åsholt at livreima kan bli stramma inn.
Overfor departementet forslår Nav å redusere AAP frå 148.000 kroner i året til 120.000 for personar under 25. Det kan også bli aktuelt å dele opp periodane slik at støtta ikkje blir innvilga for eit heilt år av gongen. Innsparingar frå AAP-kuttet blir foreslått brukt til arbeidstrening og tettare oppfølging. (©NPK)

Publisert: 08.06.2016 08:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45