(NPK): Det har kome råd om at det kan fiskast 805.000 tonn torsk, 233.000 tonn hyse og 150.000 tonn sei neste år.
Det er 10 prosent lågare enn 2016-kvoten på torsk, 5 prosent lågare på hyse og ein oppgang på 10.000 tonn for hyse, opplyser Havforskingsinstituttet.
Rådet for vanleg uer er null fangst for dei neste tre åra, og ICES (Det internasjonale råd for havforsking) minner om at det er viktig å avgrense all fangst og bifangst av denne bestanden så mykje som mogleg. Havforskingsinstituttet støttar rådet, og legg til at det må innførast ytterlegare bifangstreduksjon i trålfisket.
I tillegg vert det teke til orde for eit rapporteringssystem for fritidsfisket som også inkluderer vanleg uer. For kysttorsk er det også anbefalt at det vert innført vesentlege tiltak for å redusere fiskepresset. (©NPK)

Publisert: 10.06.2016 15:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45