Kort fortalt

Nedgang i godstransporten langs kysten

Målet er auke, men det går feil veg.

14.03.2016
(NPK): Det vart frakta 3,8 millionar tonn mindre gods langs kysten i fjerde kvartal 2015 enn på same tid året før.
Det var ein total nedgang på 7,8 prosent i godstransporten langs kysten i fjerde kvartal i fjor, syner tal frå .
Tørr bulk og våt bulk er dei to største lastetypane, som vil seie olje og andre flytande produkt som vert transporterte utan lasteberar. Godstypane hadde ein samla nedgang på nesten 2,0 millionar tonn, og fall i malmeksporten er hovudårsaka til dette. Narvik hamn, som er den største bulk-hamna, hadde ein reduksjon på 6,6 prosent.
Ferjer til og frå utlandet hadde også ein nedgang i passasjertalet i fjerde kvartal i 2015 mot tal frå 2014. Det reiste 14.500 færre passasjerar med utanlandsferjene i dette kvartalet, og dei frakta også 10.000 færre bilar, motorsyklar og campingvogner.
I alt reiste 1,2 millionar personar med ferjer til og frå utlandet, og hamnar i Oslo, Kristiansand og Sandefjord hadde den største delen av passasjerane. (©NPK)

Publisert: 14.03.2016 13:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47