(NPK-NTB): Industriproduksjonen i Noreg gjekk ned 1,1 prosent frå første til andre kvartal i år. Nedgangen er størst i næringar knytte til oljebransjen.
Frå mai til juni i år var nedgangen på 2,9 prosent, ifølgje Statistisk sentralbyrå.
Sesongjusterte tal viser at nedgangen var størst innan maskinindustrien, der produksjonen gjekk ned med 5,5 prosent. Maskinreparasjon og maskininstallasjon hadde ein nedgang på 5,2 prosent og dataindustri og elektrisk utstyrsindustri gjekk ned med 4,2 prosent.
Alle desse næringane er nært knytte til oljenæringa og blir ramma av den låge investeringsaktiviteten her. (©NPK)

Publisert: 05.08.2016 14:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44