Kort fortalt

Nedgang i kortbruken i juli

Ned 2,6 prosent frå i fjor, med unntak av Nord-Noreg.

04.08.2023

Nordmenn handla for 50 milliardar kroner med bankkort i juli månad. Det er ein nedgang på 2,6 prosent frå juli i fjor. Unntaket er i Nord-Noreg.

Tala frå BankAxept viser at vekstvinnaren i juli vart Nord-Noreg, som hadde 1,3 prosent høgare omsetning enn i fjor. Vestland fekk 4,6 prosent lågare omsetning enn i fjor, heiter det i ei pressemelding.

Totalt sett vart det ein nedgang i kortbruken i juli på 2,6 prosent, men i Nordland og Troms og Finnmark auka omsetninga i begge fylka.

– Vi er ikkje på nivå med pandemiåra, då alle hadde noregsferie, men det er veldig godt å sjå at nordmenn framleis ønskjer å feriere i eige land, seier Anita Frantzen, leiar for kort og verdiaukande tenester i BankAxept.

Ho peikar på at utanlandske turistars forbruk kjem i tillegg, og ho trur totalt sett at det vart ein god sommar for turistnæring og handel.

I Nordland og Troms og Finnmark var det daglegvarer som i størst grad trekte opp volumet i juli, medan for landet samla sett vart det brukt meir pengar på parfymeri og fritid/underhaldning og mindre på bensinstasjon og reiseliv.

(©NPK)

Publisert: 04.08.2023 09:30

Sist oppdatert: 04.08.2023 09:30

Mer om