NTB c0 E Fa IH77 s
OPTIMISME: Folk er styrkte i trua på eigen økonomi i året som kjem. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Nytt

Vi er optimistiske til eigen økonomi

Trass utsikter til framleis høg inflasjon og auka renter, er folk styrka i trua om eigen økonomi.

23.05.2023

– Det ser ut til at forbrukarane med lågast og høgast inntekt vurderer situasjonen mest positiv, medan middelinntektsgruppa er litt meir negativ, seier administrerande direktør Kari Olrud Moen i Finans Norge om funna i forventningsbarometeret for andre kvartal.

Undersøkinga om forventningane hushalda har til eigen og økonomien i landet kjem ein gong i kvartalet og viser at hovudindikatoren framleis er på eit historisk lågt nivå, omtrent uendra frå første kvartal. Men synet på eigen økonomi skil seg frå den generelle tendensen: Vurderinga i hushalda av eigen økonomi framover gjer eit byks opp, frå historiske botnnivå til eit nøytralt område.

Forventningsbarometeret er eit samarbeid mellom Finans Norge og Kantar Public.

Pessimistisk middelklasse
– Kombinasjonen av gjeldsbelastning og stigande prisar treffer antakeleg inntektsgruppa som ligg i midten hardast. Dette er eit trekk som går igjen i heile Europa, og det er urovekkjande fordi denne gruppa er viktig for stabiliteten i økonomien, seier Moen.

Forbrukarane vurderer utviklinga det siste året som klart meir positivt enn ved førre kvartal, og når det gjeld forventningane til eigen økonomi neste år er det omtrent like mange pessimistiske svar som optimistiske.

Det kan vere ein indikasjon på at forbrukarane opplever kontroll på eigen økonomi trass i prisauke og auka renter. Noregs Bank antydar at vi nærmar oss ein rentetopp, lønnsoppgjeret teiknar til å bli om lag som prisveksten og arbeidsløysa er framleis svært låg, meiner Moen.

Svak tru på landet
Trua på eigen økonomi står i sterk kontrast til forventningane folk har til økonomien i landet neste år. På dette feltet fell framtidstrua frå eit lågt nivå til eit som ligg endå lågare. Men det er færre som er negative til året som kjem, enn som har negative opplevingar av året som har passert.

– Vi er prega av uvisse. Den økonomiske utviklinga i Noreg blir påverka av geopolitikk, krig i Ukraina, inflasjonspress og renteauke. Det er verd å merke seg at det er andre kvartal på rad at ein samanliknbar indikator for heile EU viser litt mindre pessimisme enn for Noreg. Det har vi ikkje sett sidan oljeprisfallet i 2016, seier Moen.

Publisert: 23.05.2023 09:26

Sist oppdatert: 23.05.2023 09:41

Mer om