Kort fortalt

Nedtona oljemesse i Stavanger

Lågare sigarføring og champagnefaktor.

03.08.2016
(NPK-NTB): Dette vil prege høgdepunktet for norsk oljenæring i år, bransjemessa Offshore Northern Seas (ONS).
Sidan oljeprisfallet begynte i 2014 har det vore mindre glamour over planlegginga av ONS enn tidlegare. Det merkast blant anna i lokale cateringselskap:
– Invitasjonane frå bedriftene har ein annan ordlyd i år enn tidlegare år. Det står ikkje lenger «fri bar». Menyane er meir tilpassa tidene vi er inne i, seier Kyrre Sandven, regiondirektør for Fazer Food Services til .
Han lovar likevel at det blir god mat og drikke, trass i at kvite dukar, gallamiddagar og mange servitørar blir bytt ut med ståande servering av tapas eller kaldrettar.
Offshore Northern Seas (ONS) blir arrangert over fire dagar i slutten av august i Stavanger. Førre gong, i 2014, rett etter at oljenedturen begynte, trekte messa nærare 92.000 besøkjande til det rekordstore messeområdet på rundt 24.000 kvadratmeter. Messeområdet i år er like stort, men det har ikkje vore same knivinga om plassane som tidlegare. (©NPK)

Publisert: 03.08.2016 10:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45