Molde
NEDTUR: Molde Fotballklubb hadde mål om å kjempe om seriegull, men enda med ein ny 5. plass i eliteserien i 2024. Heller ikkje økonomien var ein opptur i fjor, viser rekneskapane. Foto: Svein Ove Ekornesvåg
Kort fortalt

Nedtur etter rekordår for Molde

Fotballklubben med underskot i fjor.

Marius Rosbach
10.04.2025

Regnskapstallene til de to selskapene som utgjør fotballklubben, viser en betydelig nedtur sammenlignet med 2023 – som var et rekordår økonomisk. 

Klubben driftes etter den såkalte dualmodellen, som er kjent i flere norske klubber. Molde Fotballklubb står for sjølve drifta, medan Molde Fotball står for den kommersielle delen. 

Inntektene i Molde FK sank frå 315 til 227 millionar – som i hovudsak skuldast færre spelesal og mindre inntekter frå Europa-spel.

Drifta gjekk 53 millionar i minus, men finansinntekter på nær 62 millionar, gjorde at resultatet før skatt enda i pluss med 9 millionar. 

Molde Fotball hadde inntekter kring 50 millionar, som er på nivå med året før. Samtidig forverra underskotet seg kraftig til 66 millionar kroner. 

Fotballklubben har samtidig ein solid økonomi og betydelege verdiar i anlegg og spelarkontrakter. 

Molde Fotballklubb hadde ein eigenkapital på 219 millionar og langsiktig gjeld på nær 150 millionar ved utgangen av året. Molde Fotball hadde samtidig ein eigenkapital på 157 millionar og ikkje langsiktig gjeld. 

Molde Fotballklubb  
Tall i mill. kroner20242023
Driftsinntekt227314,9
Driftsresultat-5384,5
Resultat før skatt9124,4
Molde Fotball as  
Tall i mill. kroner20242023
Driftsinntekt50,449,6
Driftsresultat-40- 23,2
Resultat før skatt-66-125,5

Publisert: 10.04.2025 15:40

Sist oppdatert: 10.04.2025 15:40

Mer om