(NPK): Moods of Norway var saman med motekjeda Gina Tricot blant dei som sleit mest i klesbransjen i fjor.
Klesprodusenten frå Stryn hadde ein nedgang i omsetnaden på 5,3 prosent i fjor, går det fram av ein rapport frå bransjeorganisasjonen Virke.
Moods-sjef Jan Egil Flo seier til Dagens Næringsliv at nedturen i hovudsak kjem av den svake krona, som åt opp heile overskotet på 30 millionar kroner.
– Vi er i ein tøff marknad. Eg trur alle no har det knalltøft. Spesielt vi som er i premiumsegmenetet, merkar det når arbeidsløysa stig og det kjem tøffe spådommar vidare, seier Flo.
Det er andre året på rad Moods of Norway har raude tal. I 2014 hadde sedskapet eit underskot på 15 millionar kroner. Fullt så ille blir det likevel ikkje i 2015, ifølgje Flo.
– Driftsresultatet for fjoråret blir mykje nærare null, men det blir ikkje positivt, seier han. (©NPK)

Publisert: 17.03.2016 19:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47