Kort fortalt

Nei til allianseplanar

Det blir ingen høgskuleallianse mellom Volda, Molde og Lillehammer.

02.02.2016
Kunnskapsdepartementet vender tommelen ned for dei tre høgskulane sine planar om ein allianse, skriv Høgskulen i Volda i eit nyheitsbrev.
Medan Ålesund gjekk inn i NTNU har Høgskulen og Volda og Molde leita etter andre løysingar. Blant anna har Volda vore i samtalar med Universitetet i Bergen og Høgskulen i Sogndal, men satsa i denne omgang på ei allianseløysing i staden for samanslåing. No er den utvegen stengd.
Høgskulen arrangere allmøte for dei tilsette 10. februar, for å drøfte status og vegen vidare.

Publisert: 02.02.2016 14:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48