Kort fortalt

Nei til turistfiske-dobling

Turistane må nøye seg med 15 kilo.

18.11.2016
(NPK): Fiskeridirektoratet seier nei å doble turistfiskekvoten frå 15 til 30 kilo.
– Dagens system er vel etablert i næringa, og variabel utførselskvote representerer store kontrollutfordringar. Fiskeridirektoratet tilrår derfor at ein ikkje går inn for dette, heiter det i høyringsuttalinga frå fiskeridirektør Liv Holmefjord som Fiskeribladet Fiskaren har lese.
Det er Nærings- og fiskeridepartementet som har sendt eit forslag om nye reglar for turistfiske ut på høyring.
I framlegget forslår fiskeriminister Per Sandberg (Frp) å doble turistfiskekvoten, men vil samtidig innføre ei enkel registrerings- og rapporteringsordning for bedriftene i næringa. (©NPK)

Publisert: 18.11.2016 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43