Kort fortalt

Nektar straffskuld etter grunnstøyting

Overstyrmann i Hurtigruten må møte i retten.

06.01.2025

Overstyrmannen om bord på Hurtigruten-skipet Fridtjof Nansen, nektar straffskuld etter at skipet grunnstøytte utanfor Måløy i januar 2022. 

Det opplyser forsvarar Torbjørn Kolås Sognefest til Bergens Tidende

Påtalemakta meiner han kan klandrast for grunnstøytinga. 

Overstyrmannen fekk først ei bot, som han nekta å betale. No må han difor møte i retten tiltala for brot på skipstryggingslova.

Skipet segla frå Hamburg andre nyttårsdag 2022 og skulle etter planen vere tilbake i den tyske hamnebyen 16. januar. Det var 398 personar om bord. Ingen vart skadde, men skipet fekk hol i skroget.

Publisert: 06.01.2025 16:15

Sist oppdatert: 06.01.2025 16:15

Mer om