NPK-NTB: Ved utgangen av september i år var det 323.000 mottakarar av uføretrygd her i landet. Det er 1.100 fleire enn ved utgangen av førre kvartal.
Ved inngangen til oktober fekk 9,6 prosent av befolkninga i alderen 18 til 67 år uføretrygd. Det er same del som førre kvartal, men samanlikna med same tidspunkt i 2016 var det ein auke på 0,1 prosentpoeng.
– Av dei som startar på uføretrygd, kjem sju av ti frå arbeidsavklaringspengar, mens éin av ti nye uføre kjem frå sjukepengar. Blant dei som sluttar på uføretrygd, går åtte av ti over til å ta imot alderspensjon, seier .
Det er fleire uføretrygda kvinner enn menn, og forskjellen har auka noko over tid. Delen uføre kvinner i befolkninga er på 11,4 prosent, mens tilsvarande del for menn er 7,8 prosent.
Unge uføre er no på 1,8 prosent av befolkninga i alderen 18–29 år. Til samanlikning er 32 prosent av aldersgruppa 65 til 67 år uføretrygda. Aldersgruppa der uføredelen har auka mest det siste året, er frå 30 til 34 år, med 0,3 prosentpoeng. Samtidig fell uføredelen i aldersgruppa 65 til 67 år med 1 prosentpoeng.
At det er blitt fleire unge uføre over tid må også sjåast i samanheng med at fleire med alvorlege sjukdommar overlever lenger på grunn av betre medisinsk behandling. Omkring seks av ti av dei unge uføre har ei psykisk liding, opplyser Nav.

Publisert: 09.11.2017 12:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41