Kort fortalt

Netthandelen aukar

Netthandelen aukar, men frå lågt nivå.

19.12.2016
(NPK-NTB): Netthandelen har auka betydeleg det siste året, men kjøp med tastaturet utgjer framleis berre ein liten del av den samla varehandlinga til nordmenn.
Totalt handla nordmenn for nærmare 308 milliardar kroner i detaljhandelsbutikkar i dei åtte første månadane i år, ein auke på 3,1 prosent frå perioden januar-august i 2015, viser tal frå (SSB).
Netthandelen utgjorde i overkant av 11 milliardar kroner, 14 prosent meir enn i same periode i fjor.
SSB-tala avslører elles at butikkar som sel datautstyr, hadde ein nedgang i omsetnaden på 2,6 prosent.
I kjølvatnet av oljekrisa viser det seg at detaljhandelsbedriftene i Rogaland har hatt klart svakast vekst av alle fylka. Omsetnadsveksten var berre på 0,2 prosent i dei åtte første månadane i år, langt under landsgjennomsnittet med 3,1 prosent.
Dei nordlegaste fylka, i tillegg til Hedmark og Vest-Agder, hadde størst auke i detaljhandelen. (©NPK)

Publisert: 19.12.2016 10:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43