(NPK-NTB): Ei lov om god handelsskikk skal vere på trappene, men førebels er det stille frå regjeringa, melder .
Landbruks- og matdepartementet ønskjer ifølgje NRK ikkje å kommentere saka. NHO ventar spent på kva som kjem.
– For eitt år sidan sa ein samrøystes næringskomité at noko må skje. Vi ventar framleis på kva dette «noko» er, seier Ingebjørg Harto, næringslivsdirektør i NHO.
– Det var allereie utfordringar før, men no blir det endå færre hyllemeter og meir press på leverandørane. Små og nye produkt kan få problem med å komme inn. På sikt vil innovasjonen tape på det, seier ho.Geir Pollestad (Sp), leiar i Stortingets næringskomité, seier han har ei klar forventning om at regjeringa legg fram lovforslaget i haust.
Den såkalla haustjakta, der leverandørane skal kjempe seg inn i hyllene hos daglegvarekjedene, startar om éin månad. (©NPK)

Publisert: 30.09.2015 10:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50