Kort fortalt

Ni av ti rådmenn nøgde med jobben

92 prosent av norske rådmenn er nøgde med jobbane sine.

29.07.2016
(NPK): Det er opp frå 84 prosent i fjor.
Ni av ti er nøgde med jobben og åtte av ti ser for seg at dei held fram i jobben neste år. Det er resultata i Kommunal rapport si årlege rådmannsundersøking.
Men likevel vil fire av ti ikkje ha jobben som rådmann i ein ny samanslått kommune.
Berre fire prosent svarar at dei i ein eller annan grad er misnøgde, men dei få som er misnøgde rapporterer om dårleg samarbeid med politikarar som vil detaljstyra eller gjera saker personlege.

Publisert: 29.07.2016 22:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45