Kort fortalt

NITO er optimistar trass mange ledige

Mange ledige, men trur på løysing.

20.05.2016
(NPK-NTB): På eitt år har oljeprisfallet medverka til 44 prosent auke i talet på arbeidsledige innan IKT- og ingeniørfag. Men NITO-president Trond Markussen er sikker på at mange vil finne nye jobbar og karrierar.
– Det oppstår heile tida nye behov, og det vil komme heilt nye næringar. Vi veit om noko, men vi er også spente på kva retning dette vil ta, seier Markussen til NTB.
Arbeidsløysa i Noreg har auka dei siste 20 månadane, og auken er størst innan ingeniør- og IKT-fag, blant meklarar og konsulentar og innan industri.
Hovudårsaka er nedgangen i oljebransjen, og omtrent halvparten av auken for desse tre gruppene har komme i Rogaland og Hordaland.
Utfordringa er at kompetanse er ferskvare.
– Ledige må kursast og etterutdannast, så kan dei med relativt små grep gå inn i andre typar jobbar, seier Markussen. (©NPK)

Publisert: 20.05.2016 09:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46