(NPK-NTB): EU godkjende tysdag ein slutt på den sterkt mislikte roamingavgifta, noko som gjer det mogleg å ringe, tekste og surfe til norske prisar i heile EU frå juni 2017.
– Takka vere denne avtalen, kjem Europa til å bli den einaste regionen i verda som lovleg garanterer ope internett og nettnøytralitet, seier Pilar del Castillo, EU-parlamentsmedlem frå Spania.
Sidan Noreg er medlem av EØS, kjem reglane til å gjelde for oss også, skriv .
– Korleis prisane blir i 2017 kan vi ikkje seie enno, dette kjem an på avtalane våre, seier informasjonssjef Tormod Sandstø i Telenor, som synest det er positivt at EU har kome til ei semje.
Roaming betyr at teleselskapa sørgjer for at kundane har nettverk og internett også når dei er utanfor rekkjevidda til teleselskapa sine eigne nettverk. Dette har selskapa teke seg klekkeleg betalt for, noko som førte til at forbrukarorganisasjonar i seks EU-land starta ein kampanje mot urimelege priser og avgifter på reise.
Førre veke skreiv om at norske teleselskap har tent 600 millionar kroner på roamingavgifta berre første halvår 2015. (©NPK)

Publisert: 27.10.2015 21:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50