No fell straumprisen
Ned 44 prosent i snitt.
Etter fleire dagar med rekordhøge straumprisar blir det eit kraftig prisfall onsdag. I snitt går prisen ned 44 prosent per kilowattime samanlikna med tysdag.
Onsdag vil straumprisen liggje på 0,80 kroner kilowattimen i snitt gjennom dagen både på Austlandet, Sørlandet og Vestlandet. Det viser prisoversikta frå straumbørsen NordPool tysdag, skriv E24.
Det er 44 prosent lågare enn den rekordhøge straumprisen på tysdag. Prisen per kilowattime i Sør-Noreg kostar tysdag 1,43 kroner.
I tillegg kjem nettleige, avgifter og påslaget til straumselskapa.
I Trøndelag og Nord-Noreg held fram onsdag å ha langt lågare straumprisar enn Sør-Noreg. Onsdag vil blir prisen liggjande på 0,13 kroner per kilowattime.
Publisert: 19.10.2021 14:44
Sist oppdatert: 19.10.2021 14:45