Kort fortalt

No flyttar polakkane heim

Rekordmange arbeidsinnvandrarar flyttar ut

01.06.2016
(NPK-NTB): Aldri før har utvandringa av utanlandsk arbeidskraft vore større enn den var i fjor, viser nye SSB-tal.
Nedgangstidene her i landet har ført til stor arbeidsløyse blant utanlandske arbeidarar, og ifølgje Statistisk sentralbyrå var utvandringa frå Noreg i fjor den største som nokon gong er registrert, skriv .
3.500 polakkar forlét landet, men utflyttinga er også stor blant arbeidsinnvandrarar frå Sverige, Litauen og Tyskland.
– Innanfor bygg og industri er ein stor del av medarbeidarane utanlandske. Det er vanskeleg for dei å få ny jobb, fordi marknaden er veldig tung, seier konsernsjef i bemanningsselskapet Adecco, Torben Sneve.
Adecco hadde ved byrjinga av fjoråret 45 prosent utanlandske tilsette. I dag er talet 37 prosent.
Han meiner Hordaland, Rogaland og Sørlandet er veldig hardt råka. Berre i Hordaland fall marknaden med 17 prosent i fjor, ifølgje Sneve. (©NPK)

Publisert: 01.06.2016 08:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46