Kort fortalt

- Kunstig nord-sør-debatt om straum

Usemje i Ap om kraftutbygging.

16.08.2022

(NPK-NTB): – Dagens straum i nord vil ikkje løyse straumproblema vi har i sør i dag, seier Stavangers ordførar etter usemja dei siste dagane internt i Arbeidarpartiet.

– Nord-sør-debatten blir opplevd som kunstig og skaper falske motsetningar, for det er ikkje sånn at det er dagens straum i nord som vil løyse problema vi har i sør i dag. Til det vil utbygginga ta altfor lang tid – det vil ikkje løyse noko som helst – og det må sjåast i samanheng med andre tiltak som auka produksjon, eksport, elektrifisering og straumsparing, seier Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap) til Politisk kvarter på NRK tysdag.

Nordtun, som leier energiutvalet som skal forme ut ein ny energipolitikk for partiet, tok førre veke i Aftenposten til orde for å byggje ut straumoverføringskapasitet mellom Nord- og Sør-Noreg.

Alta-ordførar Monica Nielsen (Ap) kalla overfor VG utspelet «meget provoserende».

– Løysinga er ikkje å ta krafta frå nord for å få det like dyrt i nord som i sør. Ein må ha heilt andre tiltak, seier Nielsen til NRK tysdag.

Nordtun seier at prognosane er at ein i Nord-Noreg innan rundt ti år vil ha eit kraftunderskot.

– Då kan situasjonen vere snudd på hovudet. Her må ein tenkje heile landet under eitt, seier ho.

(©NPK)

Publisert: 16.08.2022 13:14

Sist oppdatert: 17.08.2022 10:03

Mer om