Kort fortalt

Nordea sluttar med kontantar

Pengane forsvinn.

30.10.2015
(NPK-NTB): Som den første av storbankane, kuttar Nordea ut bruken av kontantar i alle filialar.
Frå fredag har ikkje Nordea-kundar lenger moglegheit til å ta ut kontantar over disk i banken, melder .
– Samfunnet blir stadig meir digitalt, og kundane vil gjere mest mogleg via nett og mobil, seier banksjef hos Nordea på Oslo S Åse Dahl.
– Heile samfunnet går den vegen. Dei andre bankane følgjer med, det er berre eit tidsspørsmål, legg ho til.
Talet på betalingar med kontantar har gradvis gått ned. I 2001 vart 11 prosent av betalingane her til lands gjort med kontantar, ifølgje Noregs Bank. I dag er det same talet 5,3 prosent. (©NPK)

Publisert: 30.10.2015 10:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50