Kort fortalt

Nordfjord Vekst med Eid-kontor

Nordfjord Vekst etablerer seg på Nordfjordeid.

01.10.2015
I første omgang er det snakk om ein dag i veka på kontoret på Postgården på Nordfjordeid, opplyser selskapet i ei pressemelding.
Nordfjord Vekst er kommunane Eid, Selje og Vågsøy sitt næringsutviklingsselskap, og har ein visjon om å bidra til størst muleg konkurransekraft for næringslivet og regionen.
Nordfjord Vekst skal spesielt støtte vekstretta prosjekt i næringslivet gjennom rådgivning, nettverk og finansiering, og generelt jobbe for betre rammevilkår for det lokale næringslivet.
Selskapet opplyser at kontoret på Nordfjordeid vil i hovudsak vere eit kontor der ein vil vere tilgjengeleg for gründarar som treng rettleiing og råd.

Publisert: 01.10.2015 14:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50