(NPK): Musikkverket skal setjast opp i 2017.
Sildefiske har vore viktig for Sogn og Fjordane, men derifrå til å verte materiale for ein opera vil mange tenkje er eit langt steg.
– Det høyrest kanskje rart ut å lage opera om sildefiske, vedgår operasjef Kari Standal Pavelich, men peikar samstundes på at all opera er skrive om aktuelle tema i samfunnet.
Sildefisket på 1950-talet var ein viktig samfunnsbyggjar. Måløy var sildebyen og initiativtakarane til sildeoperaen har vore i kontakt med lokalhistorikar Terje Sølvberg.
– Han har gitt oss mykje god lokalhistorie som vi skal byggje operaen på, seier Standal Pavelich til NRK.
Jostein Avdem Fretland frå Lærdal skal skrive teksten til operaen, eller librettoen som det heiter. Den musikalske delen av operaen skal komponisten Helge Sunde frå Stryn stå for.
Operasjefen lovar at det blir mykje dramatikk.
– Eg veit ikkje om det blir død og forderving, men det blir både triste ting, men òg mykje morosamt. Vi må skape ei dramatisk historie som dei som levde på den tida kan kjenne seg at i, seier Standal Pavelich. (©NPK)

Publisert: 20.10.2015 10:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50