NTB Frisør Gorm Kallestad
Sjølv i nedgangstider er ikkje nordmenn redde for å bruke pengar hos frisøren. Det er eit av få område kortet blir brukt oftare samanlikna med fjoråret. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Kort fortalt

Nordmenn brukar meir pengar på frisøren

Renter og prisvekst held eit tett grep om folks lommebok, men er det ein ting som nordmenn ikkje på sparer på, er det frisøren.

27.11.2023

Korta dregst sjeldnare no enn i fjor. Det viser tal frå DNB om nordmenns kortbruk i oktober månad, presentert i E24.

For alle kategoriane som bankane følgjer med på, har kortbruken gått ned to prosent målt mot oktober i fjor. Det blir altså brukt mindre pengar frå bankkorta våre, men ein kategori skil seg ut:

Personleg tenesteyting, som inneber alt frå frisør, spa, negledesign til helsetenester. Her har det vore ein auke på 10 prosent.

Samanliknar ein mot oktober 2019 har det vore ein vekst på 12 prosent om ein ser utelukkande på frisør og skjønnheitspleie.

I tronge tider viser det seg dermed at pengane sit laust når det gjeld eigen utsjånad. Dette kan dagleg leiar Glenn-Arild Skogvoll Veiby i Raise Gruppen, konsernet bak frisørkjeda Nikita, stadfeste.

– Vi ser definitivt det same. I oktober hadde vi ein kundevekst på 9 prosent i Noreg, som betyr at vi hadde fleire kundar på salongane enn same tid i fjor, fortel Skogvoll Veiby til E24.

Tala ser langt verre ut for reiselivsbransjen. Nordmenn har brukt 18 prosent mindre på reiseliv i oktober i år mot same månad i fjor.

Publisert: 27.11.2023 09:00

Sist oppdatert: 27.11.2023 09:00