NTB ab SB51 Ni E6s 1
USAMDE: Roger Bjørnstad sjeføkonom i LO (t.v.) og sjeføkonom Øystein Dørum i NHO er ikkje samde om kvifor inntektene til nordmenn fell. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Kort fortalt

Nordmenn ikkje lenger på inntektstoppen

Har falle frå første til sjetteplass i Europa.

21.02.2024

NPK-NTB: I 2022 hadde nordmenn høgast disponibel inntekt av alle land i Europa. No er vi på sjetteplass. LO og NHO er usamde om årsaka.

Det viser tal frå EUs statistikkontor Eurostat. I første kvartal i 2022 hadde nordmenn ei gjennomsnittleg inntekt på 8337 euro. Det var høgast i Europa, skriv Aftenposten.

Tala tek for seg disponibel inntekt, definert som brutto inntekt minus skatt og renteutgifter. I tredje kvartal 2023 hadde nordmenns disponibel inntekt falle til 7475 euro. Dermed vart Noreg forbigått av Belgia, Danmark, Tyskland, Nederland og Austerrike.

LOs sjeføkonom Roger Bjørnstad seier til Aftenposten at årsaka til fallet er renteutgiftene.

– Norske hushald har rekordhøg gjeld i ein pressa bustadmarknad gjennom tiår. Ingen andre land har opplevd så kraftig tilbakegang i inntektene til hushalda.

Sjeføkonom Øystein Dørum i NHO forklarer fallet med kronekursen – ikkje renteaukane.

– På halvtanna år ser vi at disponibel inntekt pr. capita har falle med 10 prosent målte i euro. Men i denne perioden har euroen vorte dyrare. Vi gav nesten 10 kroner for euroen i starten, og så har den stige til kroner 11,40, seier han.

Publisert: 21.02.2024 10:13

Sist oppdatert: 21.02.2024 10:14