Kort fortalt

Nordmenn strøymer til aksjefond

August vart knallmånad for fonda.

05.10.2016
(NPK-NTB): Nordmenn strøymer til aksjefonda etter sommaren. Det har blitt investert dobbelt så mykje dei siste månadene som første halvår 2016.
Ifølgje Finansavisen viste Verdipapirfondenes forening i august ei stor endring blant aksjefondskundar. I første halvdel av 2016 blei det satsa 160 millionar kroner. Men i august månad åleine eksploderte det med aksjeinvesteringar som nådde ein halv milliard kroner.
– Ein trend er det for tidleg å snakke om, men det er positivt at folk i større grad får opp auga for aksjefond som plasseringsalternativ, seier Bernt S. Zakariassen i Verdipapirfondenes forening (VFF).
Nordnett, som berre rapporterer for sine kundar, såg ei satsing på 116 millionar kroner i første halvår. Plutseleg i juli månad kom det inn 196 millionar kroner i aksjefond, 99 millionar i august og 190 millionar kroner i september
Investeringsøkonom i Nordnet Tom Hauglund seier at det er fleire ting som spelar inn på denne trenden.
– Opec ser ut til å samarbeide for første gong på to år, Noregs Bank kommuniserer at det neppe blir ei renteendring i Noreg før i 2019, og USA heva ikkje renta. Folk forstår at rentenivået vil vere lågt lenge, og oppsøkjer betre alternativ. (©NPK)

Publisert: 05.10.2016 09:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44