Etter å ha falle ned til 33,73 dollar fatet for Brent-olje i morgontimane, har prisen stige utover dagen, og vart klokka 13:20 handla til 35,08 dollar fatet.
Oppgangen kjem i kjølvatnet av at det internasjonale energibyåret IEA la fram ein rapport der ein meinte at oljeprisen ville stige kraftig fram mot 2021.
Til Dagens Næringsliv uttalar oljeanalytikar Thina Saltvedt at ho trur botnen for oljeprisen er nådd. Ho spår no ein pris på 50 dollar fatet mot slutten av 2016 om Russland, Saudi-Arabia og Iran kan verte samde om ein frys.
Oljeprisen har tysdag ettermiddag falle tilbake etter uttalelsar frå Saudi-Arabia at ein likevel ikkje vil kutte i oljeproduksjonen.

Publisert: 23.02.2016 17:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48