Kort fortalt

Nordøyveg-tunellar fekk nei

Nordøyveg-prosjektet får ikkje sikkerheitsgodkjenning.

01.03.2016
I dag vart det kjent at Vegdirektoratet ikkje sikkerheitsgodkjenner dei tre undersjøiske tunnelane i Nordøy-vegprosjektet, slik prosjekteringsgrunnlaget ligg føre. Avslaget er gjort med bakgrunn i den nye tunnelforskrifta for fylkesvegnettet som vart sett i verk 1. januar 2015.
Dette opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune tysdag.
Det vert vist til at tunnelar med høg stigningsgrad skal godkjennast av Vegdirektoratet. Dei tre undersjøiske tunnelane i Nordøyveg-prosjektet har ei stigningsgrad på inntil 10 %, noko som er godt over det som tunnelforskriftene for riksveg (2015) og fylkesveg (2015) tillét.

I grunngjevinga for avslag heiter det mellom anna:


«Høy stigningsgrad før eller i tunell gir en økt fare for tekniske problemer i større kjøretøy og er hovedårsaken til brann og branntilløp i slike tunneler. Stigning gir utfordringer for styring av ventilasjon ved brann. I tillegg vil høy stigningsgrad gjøre det vanskeligere å evakuere ut av tunnelen. Forskning og utviklingsarbeid, samt arbeid med avklaringer i tilsvarende prosjekt, underbygger den faglige begrunnelsen for kravet.
Les heile meldinga .

Publisert: 01.03.2016 17:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47