Kort fortalt

Noreg nådde ikkje klimamålet for 2020

08.06.2021

(NPK-NTB-Isabel Bech): Klimagassutsleppa gjekk ned 3,2 prosent frå 2019 til 2020 til 50 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Noreg nådde dermed ikkje klimamålet for 2020.

Utsleppa frå olje- og gassutvinning har gått ned 4,4 prosent frå 2019 til 2020. Det svarer til 13,3 millionar CO2-ekvivalentar, viser tala frå Statistisk sentralbyrå.

Stortingets mål var at Noreg skulle sleppe ut maksimum 48,6 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2020.

Den største nedgangen kjem frå oppvarming i andre næringar og hushald. Her har det vore ein nedgang på 600.000 tonn CO2-ekvivalentar, som svarer til 18 prosent.

Frå vegtrafikk har det vore ein nedgang på 8,4 millionar tonn CO2-ekvivalentar mellom 2019 og 2020, eller 3,9 prosent.

– Flytte
Naturvernforbundet meiner det er «utruleg flaut» at Noreg ikkje nådde klimamåla for 2020.

– Klimamålet for 2020 var ikkje i nærleiken av nok for at Noreg skulle ta sin rettferdige del av utsleppskutt i tråd med Parisavtalen. Trass i pandemien klarer vi ikkje å nå målet, og det betyr at vi må kutte utsleppa mykje meir og mykje raskare framover, seier leiar Truls Gulowsen.

– Skandale
Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) meiner Solberg-regjeringa ikkje tek klimakrisa på alvor.

– Dette er ein skandale. Det er no eit faktum at Noreg, med dagens sitjande regjering, har gått på trynet i klimapolitikken og brote klimamålet for 2020, seier fungerande partileiar Arild Hermstad.

– Det første MDG kjem til å krevje etter valet, er derfor at vi lagar ein ny klimaplan for eit reelt taktskifte i norsk klimapolitikk, seier han.

SSB retta tala sine
Statistisk sentralbyrå har retta tal for sal av marine gassoljer og autodiesel frå 2012 til 2019. Tidlegare publiserte utsleppstal har vore for låge innan fiske, kyst- og vegtrafikk.

Utsleppa for 2019 er justerte opp 2,7 prosent til 51,7 millionar tonn CO2-ekvivalentar.

Utsleppa for 2019 frå fiske aukar med 157 prosent, kysttrafikk med 35 prosent og vegtrafikk med 3 prosent som følgje av rettinga.

Trass i oppjusteringa er klimagassutsleppa dei lågaste sidan 1995, skriv SSB. Før tala vart reviderte var utsleppa på 1993-nivå. Trenden er framleis nedovergåande, men på eit litt høgare nivå.

(©NPK)

Publisert: 08.06.2021 09:36

Sist oppdatert: 08.06.2021 09:39

Mer om