Kort fortalt

Noreg og EU i gang med fiskerisamtalar

Skal vere i mål til fredag.

27.11.2017
NPK-NTB: Noreg og EU starta måndag eit vekelangt forhandlingsmøte om fiskeria i 2018.
Forhandlingane, som er lagt til Bergen, skal etter planen vare til fredag.
Hovudmålet er å få på plass kvotane for bestandar som partane forvaltar i fellesskap. Dette omfattar mellom anna torsk, hyse, raudspette, kviting og sild i Nordsjøen og Skagerrak.
I tillegg skal det forhandlast om kvotebyte, mellom anna for torsk i norske farvatn.
Noreg har òg gjort framlegg om å ta opp den fastlåste konflikten mellom Noreg og EU om snøkrabbefisket, men EU-sida har i utgangspunktet ønskt å halde dette spørsmålet utanfor dei ordinære fiskeriforhandlingane.
Fiskeriavtalen mellom EU og Noreg går tilbake til 1980.

Publisert: 27.11.2017 20:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40