(NPK-NTB): Noreg har eksportert sjømat for 51,8 milliardar kroner, 3,6 milliardar meir enn på same tid i fjor.
I dei første ni månadane i år har veksten vore på 7 prosent. I september åleine vart det eksportert sjømat for 6,7 milliardar kroner, 11 prosent eller 682 millionar kroner meir enn i same månad i fjor, viser tal frå .
Den sterke septembermånaden kjem blant anna av at den viktige nærmarknaden i EU kjøper meir laks til høgare priser i norske kroner enn dei gjorde i same periode i fjor, seier fungerande kommunikasjonsdirektør Marit Rein i Noregs sjømatråd.
I tillegg har USA kjøpt 32 prosent meir laks hittil i år enn i same periode i fjor. Lakseeksporten har auka med 6 prosent hittil i år. For fersk torsk er auken heile 22 prosent. I september åleine var det ein vekst på 44 prosent.
– Veksten for torsk kjem ikkje minst av at den viktigaste torskemarknaden vår, Portugal, har kjøpt meir torsk til høgare priser samanlikna med same periode i fjor. Dette prisbiletet heng blant anna saman med ein svak nedgang i torskekvotane i år. Underliggjande for det heile er at eksporten er hjelpt av ei svak norsk krone, seier Rein.
Eksporten av klippfisk har også auka kraftig, med 17 prosent i år, mens saltfiskeksporten har gått opp med 25 prosent. For aure, fryst torsk, sild og makrell har eksporten falle høvesvis 14, 10, 16 og 7 prosent. (©NPK)

Publisert: 06.10.2015 07:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50