Kort fortalt
Noregs Bank sel 1 milliard kroner dagen
Held kronesalet uendra i august.
31.07.2023
Det skriv banken sjølv på nettsidene sine .
Pengane vil bli brukte til å overføre utanlandsk valuta til oljefondet. Det må ikkje forvekslast med valutaintervensjon, som betyr at sentralbanken sel kroner for å påverke kronekursen.
Kronesalet har dei tre siste månadene vorte kutta, men denne månaden er det uendra, skriv E24.
Sjølv om krona har styrkt seg noko den siste tida, er ho framleis mykje svakare enn på same tid i fjor. Det betyr at det kostar oss meir å handle frå, eller reise i, landa som bruker desse valutaene. Til gjengjeld blir det lettare å selje norske varer til utlandet, skriv nettavisa.
(©NPK)
Publisert: 31.07.2023 11:17
Sist oppdatert: 31.07.2023 11:17