Kort fortalt

Noregs Bank fryktar nasjonal pengekrise

I krise trengst det kontantar.

24.05.2016
(NPK-NTB): Bankane har ikkje beredskapen i orden for å sikre at folk får tilgang til kontantar i ein krisesituasjon, meiner Noregs Bank.
Det er ikkje dokumentert at elektroniske løysingar kan ta over rolla til kontantane i ei krise, heiter det i ein fersk rapport frå Noregs Bank (NB).
– Finanstilsynet og Noregs Bank vil følgje opp beredskapen i betalingssystemet, seier visesentralbanksjef Jon Nicolaisen i ei pressemelding.
Rapporten «Finansiell infrastruktur 2016», som vart presentert tysdag, beskriv ikkje kva slags kriser den ser for seg som kan ramme kontantbetalingane.
Nicolaisen slår fast at Noreg har eit effektivt system for betalingar og finansielle transaksjonar.
– Samtidig står vi overfor utfordringar som vi må handtere framover, seier Nicolaisen. (©NPK)

Publisert: 24.05.2016 12:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46