Kort fortalt

Norge fekk ESA-ja

Godkjenner norake skipsregister-reglar.

29.11.2017
NPK-NTB: Eftas overvakingsorgan Esa godkjenner avgrensingsreglane Noreg har innført for skip i Norsk internasjonalt skipsregister (Nis).
Esa tok sjølv initiativ til å sjå nærmare på det såkalla Nis-registeret, men konkluderer no med at det er i samsvar med EØS-reglane.
– Reglar knytt til skipsregistrering er ikkje fullt ut harmonisert i EØS-retten, noko som gir Noreg nasjonalt handlingsrom, seier Esa-president Sven Erik Svedman i ei pressemelding.
Esa viser samtidig til at andre europeiske land har liknande reglar.
Næringsminister Monica Mæland (H) er fornøgd med avgjerda.
– Det er positivt at Esa slår fast at fartsområdeavgrensningane for Nis-registrerte skip ikkje er i strid med EØS-avtalen, seier ho.
Reglane seier at skip som er oppført i Nis-registeret, ikkje kan frakte passasjerar mellom hamner i Noreg og hamner i utlandet. Ferjer som går mellom Noreg og andre land, er dermed stengde ute. Det var denne avgrensinga som fekk Esa til å rynke på nasen.
Mæland har foreslått ei oppmjuking av regelverket, men saka har vorte liggjande til Esa fekk behandla ferdig saka.

Publisert: 29.11.2017 15:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40