(NPK): Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har oppdatert oversikta over eigarskap til sol-, vind- og vasskraftverk. Oppdateringa viser ein sterk auke i norsk eigarskap i vindkraft, medan det er små endringar for vasskrafta. Frå og med i år inkluderer også oversikta bakkemonterte solkraftverk.
Det har vore fleire eigarskifte i vindkraft den siste tida, som har gjort at fleire kraftverk har vorte norskeigde.
– Det var ein trend i fleire år at vindkrafta i større og større grad vart utanlandskeigd. Dette har snudd no, og vår nyaste oppdatering viser at norsk eigarskap i vindkrafta har auka kraftig det siste året. Den var 33 prosent ved utgangen av 2023, og har auka til 48 prosent ved utgangen av 2024, seier Carl Andreas Veie, senioringeniør i energi- og konsesjonsavdelinga i NVE, i ei pressemelding.
88 prosent av all vasskraft er offentleg eigde. For stor vasskraft har det vore lite endring i eigarskap dei siste åra. For småkraft har utanlandsk eigarskap auka frå 18 prosent i 2019 til 29 prosent i 2023, og sidan vore stabil.
NVE har også for første gong publisert nøkkeltal for eigarskapen for større bakkemonterte solkraftverk med konsesjon frå NVE. Det finst per august 2025 tre slike anlegg. 65 prosent av solkraftanlegga er offentleg eigde, 20 prosent er eigde av norske private aktørar og 15 prosent er utanlandskeigde.
NVE publiserer årleg nøkkeltal for eigarskap til kraftverk. Oversikta er basert på NVEs kraftverksdatabasar og Skatteetatens aksjonærregister, og viser eigarskap ved utgangen av 2024 for kraftverk i drift per juli 2025.
(©NPK)
Publisert: 19.08.2025 11:27
Sist oppdatert: 19.08.2025 11:27





