Kort fortalt

Norsk fiskebæsj kan gi mykje straum

Kan forsyne 600.000 husstandar, ifølgje rapport.

13.02.2023

(NPK-NTB): Avføring frå fisk i oppdrettsanlegga i Noreg kan forsyne inntil 600.000 husstandar med straum, ifølgje ein ny rapport.

Ved å bruke ny teknologi til å samle opp og behandle dette, kan ein produsere opp mot 300 millionar kubikkmeter biogass (metan) per år. Det kjem fram i ein rapport som konsulentselskapet PwC har produsert på oppdrag frå mellom anna miljøselskapet Ragn-Sells og Vestland fylkeskommune.

– Sirkulær teknologi for oppdrettsanlegg gir lågare klimaavtrykk, mindre belastning på fjordane og meir fisk frå kvart oppdrettsanlegg. Samtidig utnyttar vi verdifulle råvarer og bidreg til å redusere Europas avhengnad av import av energi og næringsstoff, seier administrerande direktør Vidar Svenning Olsen i Ragn-Sells Noreg.

I fiskeavføring finst det også mykje næringsfosfor. Det kan vinnast ut og nyttast i mineralgjødsel og fôr. Ifølgje PwCs rapport går opp mot 16.000 tonn fosfor frå oppdrettsanlegga til spille kvart år. Ved hjelp av ny teknologi kan ein vinne ut over 11.000 tonn fosfor, ifølgje rapporten.

(©NPK)

Publisert: 13.02.2023 16:16

Sist oppdatert: 13.02.2023 16:18

Mer om