(NPK-NTB): Eit norsk-skotsk selskap har utvikla ein landbasert tank for lakseoppdrett som er kommersielt lønnsam. Og med det kan norske fjordar bli unødvendige i produksjonen, ifølgje Klassekampen.
I dag er det eit tak på lakseproduksjonen på grunn av problema med lakselus og rømming. Med landbaserte eller lukka havbaserte oppdrettsanlegg kan industrien produsere laks utan slike problem. Den nye teknologien gjer det også rimelegare.
– Landbasert lakseoppdrett er ikkje noko som kjem om fem eller ti år. Det er her no, og vår tank er beviset, seier direktør Arve Gravdal i selskapet Niri til avisa. Selskapet har sett i drift den største landbaserte oppdrettstanken for laks i verda. Tanken, som står i Skottland, rommar 1.600 kubikkmeter.
Noreg produserte 1,3 milliardar tonn oppdrettslaks i 2015, som svarar til 95 prosent av all produsert oppdrettsfisk. Med landbaserte oppdrettsanlegg kan fisken produserast kvar som helst, ikkje berre i norske fjordar.
– Om ti år vil det vere heilt unaturleg å fly fiskeprodukt til Kina og USA, ifølgje Gravdal.
Bendik Fyhn Terjesen, seniorforskar ved Nofima og senterleiar for CtrlAQUA SFI, som forskar på lukka anlegg, seier Noreg ikkje er klar til å sette 700.000 tonn fisk rett i lukka anlegg heilt enno.
– Eg trur det kjem til å ta fem til ti år til før det kjem storstilt kommersiell produksjon av laks i lukka anlegg. Vi har eit stort ansvar for fiskehelse og -velferd, som gjer at dette tar tid. (©NPK)

Publisert: 10.08.2016 08:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44