Kort fortalt

Norsk verft har ordrebok på 45 milliardar

Og langs heile kysten vert det fleire tilsette.

Marius Rosbach
22.03.2019
Tal frå Norske Skipsverft viser at ordreboka i midten av mars er på om lag 45 milliardar kroner, ifølgje .
Berre siste året har verdien auka med kring 13 milliardar ifølgje statistikken til bransjeorganisasjonen. Då er ikkje skip som kostar mindre enn 50 millionar teke med – til dømes arbeidsbåtar til oppdrett.
Det gir også ei auke i sysselsettinga i verftsnæringa.
– I alle våre medlemsbedrifter er det ein auke i talet på tilsette det siste året. Vi har dessverre ikkje eksakte tal tilgjengeleg, men ei rundspørjing blant medlemsverfta viser at ein jamt over søker etter fleire tilsette innan alle fag, seier administrerande direktør Asle Strønen i Norske Skipsverft til kanalen.

Publisert: 22.03.2019 11:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35