Kort fortalt

Norske bilavgifter best i Skandinavia

Overlegen nabolanda, ifølgje TØI-analyse.

21.09.2021

(NPK-NTB): Ein analyse frå Transportøkonomisk institutt (TØI) viser at dei norske bilavgiftene kjem best ut i ei skandinavisk klimasamanlikning.

Den norske eingongsavgifta, årsavgifta og momsen er overlegent best med omsyn til å redusere dei gjennomsnittlege CO2-utsleppa frå nye personbilar, skriv TØI.

I 2018 var dette gjennomsnittet cirka 71 gram CO2 per kilometer i Noreg, 106 gCO2/km i Danmark og 122 gCO2/km i Sverige, ifølgje typegodkjenningstestane. Det norske avgiftsregimet har ført til ein stor auke i elbilsalet.

Samtidig hentar det danske systemet inn meir enn dobbelt så høge inntekter til staten som det norske. Det svenske systemet, derimot, går berre så vidt i pluss for staten.

(©NPK)

Publisert: 21.09.2021 14:05

Sist oppdatert: 21.09.2021 14:07

Mer om